30. juni 2009

Sommartider...


Fra bursdagen min (søndag) på Skjernøy utenfor Mandal. Familien er på sørlandstur :)
Eg feira og bursdagen med mange venner på lørdag, på Hamresanden. Nydeleg dag med bading, grilling og leik. Takk til alle som gjorde dagen fantastisk!
Søndag kveld var eg altså med familien, der vi koste oss litt på båttur og sånn. Dessverre greidde eg å slå meg litt då eg skulle i land på eit glatt og knudrete berg, og landa på haka. Eg fekk heldigvis ikkje nokon hovudskade, så vidt eg veit, men litt skrubbsår på tærne og haka, og litt vondt i kjeven og hovudet. I dag er eg tilbake på jobb og det går foreløpig greit. Fin bursdag!
Eg har sommarjobb i Kristiansand som resepsjonist. Sjekk ferieleiligheter.no

2. juni 2009

Posteksamensoppdatering

Då var engelsk årsstudium gjennomført og overstått. Herlege sumar! Pinsehelga var fantastisk, med varme, sol, bading og besøk av nesten heile familien på hybelen. Eg fekk litt brunfarge! Jadda!
No har eg ferie heime eit par veker før eg skal tilbake til Kristiansand for å jobbe. I Bergen er det 10 grader mindre enn Kristiansand, så eg må sjå langt etter bading her, men skal nok kose meg med å møte vener og slekt istaden. Ferie trengs!


Siste månaden har vore travel, med lesing og pugging til eksamen. Det var første gong eg feira 17. mai her i Kristiansand, men det var no fint. Kjipt med drittveret, men greit. Elles var me glade for at Rybaken vann Grand Prix (eller Eurovision som resten av Europa kallar det)


Så har eg fått smake på ekte kinesisk mat då eg vitja ei kinesisk klassevenninne. Dette er altså ein ball av svinekjøtt pakka inn i noko tynn deig. Dette skal varmes og dyppes i soyasaus. Veldig godt! Det var berre litt uvant å ete kjøt åleine, utan nokon form for ris eller noko attåt. Det var berre å hive innpå med kjøt :) For første gong var eg deltakar i CHRISCH-løpet som var arrangert til inntekt for CHRISCH (internasjonalt KRIK) sitt arbeid i Afrika ein plass. Grunna beinhinnebetennelse vart det berre gåing på meg, men eg greidde 3 rundar og ca 550 kr. Takk til alle sponsorar! Særskild takk til Oddrun og pappa, som sponsa mest :) Biletet er frå oppvarminga. Rundene var nok litt lengre enn dette: ca 500m. Poenget var å løpa så mange rundar som mogleg på 20 minutt.

30. april 2009

*Vår!*

25. april 2009

Life is wonderful!

23. april 2009

Ei herleg stripe... lol!

Takk til Audi for  bloggen der du viste veg til denne fantastiske teikneserien! 
Sjå meir på www.reverendfun.com

14. april 2009

Og der var påsken over gitt...

God overstått påske til alle :) Det var kjekt å vere ei stund heime att, møte vener og slappe litt av. Det var merkeleg å kome tilbake til Kristiansand i dag. Uvant med ein gong, men det tar seg nok raskt oppatt. No skal det trenast snart. Har komen igong med styrketrening, so da so! 
Biletet er utsikten frå rommet mitt heime. Kjem til å savne horisonten!

Då er det i gong med lesning til eksamen. Kjem nok heimom i begynnelsen av mai, då har vi jo fri :) Så er det semesterslutt i juni, og forhåpentligvis ein sommarjobb å gå til. 
Snakkes

7. mars 2009

Ei historisk veke i briteland

Den siste veka gjekk utruleg fort. No sit eg på ei hytte i Stavern og kviler ut saman med dei tre jentene eg dro fram og tilbake til York med.
Mandag blei vi fotografert i vakre viktorianske kostymer. "Studioet" er i ei eldgammel gate i York som heiter Shambles. Det er forresten ei "must"-gate om du skal vitje denne byen. Her ligg ein butikk med heimelaga sjokolade, bokbutikkar, suvenirsjapper, pubar og tehus eg aldri rakk å besøke, koslege småbutikkar med alle slags artige ting i... Og Yorks visstnok beste ghost-walk startar i den eine enden.
Onsdag besøkte vi Haworth, staden der forfattersøstrene Charlotte, Emily og Anna Brontë levde og skreiv sine berømte romanar "Jane Eyre", "Wuthering Hights" osv. Eg har ikkje lest bøkene, men sett film og tv-serie. Det var interessant å sjå ein heim frå 1800-talet, og omgjevnadene som visstnok ikkje hadde forandra seg så mykje sida den gong Brontë-søstrene gjekk der og steig. Faren var prest i kyrkja like ved. Mellom kyrkja og huset deira ligg ein mosegrodd, gammal kyrkjegard, der kråker skrik høgt. Jentene døde dessverre i ung alder, men sikra sitt ettermæle med å skrive romanane sine.
Deretter dro vi til Saltaire, ein by som vart bygd opp av Titus Salt på 1800-talet. Han satsa på alpakkaull, og designa ein by som innehaldt fabrikk (bildet over), kyrkje, badehus, sjukehus, skule, eldreheim og hus til arbeidarane. Husa vart installert med eit betre kloakksystem enn dåtidas standard, og det var fråvær av puber der alkohol kunne gje arbeidarane dårlege vanar. Det verka nesten som ein slags mønsterby.
Men Titus hadde nokre rare nykker han og, sjølvsagt. Det var strenge reglar for alt mogleg, og i badehusene kosta det pengar. Men absolutt eit døme på korleis kapitalisme kan brukast til å betre kåra for andre, og ikkje bare til å kare til seg mest mogleg. Rett og slett eit lys i mørket den industrielle revolusjonen la ned over vanlege mennesker. Då vi vitja fabrikken hans, var den (jaffal delen vi var inne i) omgjort til kunstmuseum og bokbutikk. Og like utanfor var det ein pub som heitte "Don't tell Titus"... Litt humor har dei jaffal, britane.

Om kvelden fekk fem av oss komme på tebesøk til ei eldre britisk kvinne i heimen hennar. Det var kosleg å få sjå innsida av eit av dei mange murhusa vi har studert dei siste vekene. Ho budde der med to hundar, og hadde visst hatt besøk av norske studentar fleire gongar. Vi fekk god yorkshire-te, rundstykker, og to deilige kaker ho hadde bakt. Etterpå viste ho oss bilder faren hennar hadde malt, og eit album han hadde laga etter ein tur i Noreg. Kjekt å møte nokre lokale og.
Torsdag tok vi turen på York Castle Museum. Det blei dessverre ikkje tid til Jorvik vikingmuseum; eg blei nesten litt lei av alt det gamle etter kvart... Særskild sidan eg var litt smådårleg. Jaffal, på Castle Museum kunne ein brukt mange timar på å studere gamle ting og tang, klede, vaskemaskinar, rustningar frå 1600-talet, moten på 70-talet, det gamle fengselet i kjellaren, utviklinga på hygienefeltet, leikety dei siste 50 åra, ei gate som var gjenskapt slik det var i viktorianske tider på 1800-talet...Det var også ein eigen utstilling om 60-talet, med Beatles, mote, ein fullt funksjonell jukeboks, ulike filmar osv. Verdt ein kikk om du tar turen til byen.

Det finaste tehuset i York, eller teashop som det heiter i England, var visstnok Bettys. Eg og Maren rakk ein times teslurping der før vi skulle på middag med heile reisefølget på puben Kennedys. Eg føler at te generelt er ein smule oppskrytt. Yorkshire-teen er ålreit, til og med med litt melk oppi. Den teen eg fekk på Bettys var og grei, men med lite smak. No er det kanskje slik at grønne teer smaker mindre, men for min del kunne dei godt å smakt litt meir, helst uten hjelp av enorme sukkerbiter. Jaja.

Vi fekk utruleg nok tak i ein politimann med kul hatt, og då måtte vi nesten ta bilde...

Siste dagen, fredag, tilbrakte vi på reisefot.
Vi måtte ut av rommene våre kl. 09.00, og hang på togstasjonen til toget gjekk 12.53. Eg og Maren tok ein tur på bymuren imens, sprang og hoppa i vårsola. Det var fantastisk artig. Må oppleves! :) Så var det nokre timar på Stansted flyplass utafor London til flyet gjekk ca kl 19.00. Eg hadde tenkt å handle sjokolade på tax-free, men det var rett og slett ikkje interessant. Eg har ete så mykje sjokolade denne veka, at no var eg nesten litt lei. Men eg savner ein sjokolade fra Hotel Chocolate (dyrtdyrt!), det var kirsebær blanda med kvit sjokolade, miksa med brun sjokolade... Det var den beste eg har smakt!

Så no eg er altså tilbake att til studier og greier. Motivasjonen er ikkje heilt på topp, men det skal no uansett bli greit å kome tilbake til normalen. Gler meg vanvittig mykje til våren!

2. mars 2009

Britiske studier i praksis

Då har eg vore i York i over ei veke. Det er kjekt å oppleve den britiske kulturen, og eg er nesten blitt van med å sjå til høgre først når eg skal over bilvegen. Det å sei "thank you" og "sorry" er også blitt meir naturleg, men det er enno ikkje heilt greit å vite om ein bør sei "thank you", "cheers", "you're welcome" eller noko anna når ein skal sei "værsågod".
York er ein nydeleg by med ein god del gamle bygningar. I førre blogginnlegg var eg ein smule smålei all mursteinen, men no er det meir sjarmerande. Byen er mest kjend for York Minster, den største gotiske katedralen i Nord-Europa. Ta ein virtuell tur her.
Kvar kveld er en Evensong, dvs ein mini-gudsteneste med eit lite gutekor. Eg var der hin dagen, og det var utruleg vakkert. Katedralen er enorm. Då eg skulle opp i tårnet, var det så vidt eg rakk den siste turen den kvelden, så eg sprang opp dei første av dei 275 trappetrinna for å ta att resten av gruppa. Då eg fann ut at turen bestod av stort sett trappetrinn, tok eg det meir med ro... Det var ein fantastisk utsikt over byen. Må oppleves!
Då eg dro frå det blide sørland i slutten av februar var det snø over alt. Her i England er derimot våren godt i gong. Snøklokker (white drops) og påskeliljer veks om ein annan og det hoppar kaninar overalt. Det er ikkje sommartemperatur enno, men bles litt surt, unntatt når sola kikar fram frå skydekket innimellom.
So langt har eg
- kjørt dobbeltdekkere (toetasjers buss)
- kost meg i små og store butikkar med alle slags dingsar i.
- besøkt ein pinsemenighet og ein statskyrkjelyd. (søndag igår) Begge var levande og det var givande å besøke dei.
- shoppa; klede, snop, bøker, cder, ein bruktfilm (Star Trek Generation :) ), signeringslakk,
- gått på kino: The Curious Case of Benjamin Button. Trist, men gripende. Det kjekkeste var den halve timen med reklame først. Skikkeleg underhaldning! Norsk kinoreklame har mykje å lære i den gården!- brukt ein god del penger...
- sendt nokre kort til familie og vener. Håper dei har komt fram.
- blitt fotografert i viktoriansk kjole, saman med klassekameratar. dyrt, men kjekt å ha. (se under)
- bodd på ein bokbutikk i to timar. kosleg! eg endte opp med å kjøpe eit notehefte for jazz og læring i improvisering. Gler meg til å spele piano att!


Gode sider med England:
-god sjokolade :)
- den enorme høfligheten.
-sjarmerende bygninger
-levende menigheter
- cookie dough! namnam.. men dyrt.
- mange kjolebutikker :)
- disney store!
-Fairtrade over alt. Eg trudde Norge lissom var flink til sånt, men vi heng laaangt etter England jaffal. Her er det eigne Fairtrade-butikker, Starbucks har FT-drikke, ein finn FT i alle slags butikkar, både supermarked og bokbutikkar.
- gamle telefonkiosker! og postkasse-tønner! fantastisk sjarmerende.
- intet motepress. Eg var redd for at eg låg langt bak i motebildet ift England, men har ikkje merka den store skilnaden. Studentane vi møter kler seg nett så slaskete som dei vil. Det er mykje same stilen som i Noreg, om det er nokon.

Rare sider med England:
- når ein skal vaske nevene er det ein spring for kaldt vatn og ein for varmt vatn. Kvifor ikkje bare ha ein, der ein også kan få lunka vatn!
- elendig kakao
- pubkultur. (vurderte å putte den på lista over, men det vart så mykje der :) ) her er det puben ein møtes på over ein kopp kaffe eller sterkare saker, for å snakke om livet. Etter gudstenesta gjekk dei kristne på pub for å henge litt. Vi har ete på pub nesten kvar dag. God og billeg mat. Ein har eit mykje meir naturleg forhold til alkohol, virker det som.)
- Nesten alle matrettar ein kjøper på pub inneheld erter og pommes frites. Kva med litt variasjon, hæh?

26. februar 2009

I York, i York!

Heisann, ja daa sit eg paa Univerisity of York og skriv. Har vore her sida soendag og skal vere her i ei veke til. Vi er paa studietur med engelskklassen ved UiA, og storkoser oss paa oppdagingstur og shopping i koslege smug med gamle hus. Kvar dag har vi interessante forelesningar med artige britar, som held paa saa lenge at vi knapt rekk noke shopping foer alle butikkane stenger kl17 eller 18. Biletet er frå sightseeing på den gamle bymuren. 

Sidan studiet kan vere ein del av laerarutdanninga var det igaar avsett ein dag til skulebesoek paa britiske barneskular i Bradford utanfor Leeds. Eg og tre andre blei sendt til ein kosleg skule der vi skulle halde presentasjonar for klassar paa 7-10 aar. Me trudde paa foerehand at det var snakk om fire presentasjonar, saa vi oevde inn dramatisering av folkeeventyret "Guten som kappaat med trollet", folkesongen "Kraakevisa" og laga til nokre bilete vi skulle vise fra Noreg. Naar vi kom fekk vi vite at vi skulle ha 8 klassar. Dvs 8 gangar ein halv time! Eg vart skikkeleg utsleten i loepet av dagen, men det var ufatteleg artig :)

Det var deilig aa kjenne at kan laere fraa meg noko. Barna var utruleg soete og var heilt med og stilte spoersmaal. Dei aller fleste hadde etnisk bakgrunn fra India og Pakistan osv. Dei hadde hatt litt om vikingar, saa dei visste litt om Norge, men ikkje mykje. Ingen hadde sett kongefamilien foer, ingen ante kor Norge var i forhold til England osv... Kjekt aa promotere landet litt :)

Vi var skikkeleg populaere. I lunsjen maatte vi gaa gjennom skulegarden for aa hente mat, og alle ungane ropte og vinka og kom bort til oss. I den siste klassen vi var ville alle ha autografene vaare! Foelte meg skikkeleg eksotisk...

Det var synd vi ikkje fekk sjanse til aa observere saa mykje, sidan vi hadde full rulle. Men vi fekk jaffal med oss at disiplinen blant barna var utruleg god. Dei kunne verte livlige og opproemte, men roa seg med eitt daa laeraren sa ifraa. Alle fulgte med og dei stilte gode spoersmaal. Eg har tenkt at eg aldri skal bli laerar, men som ei i klassen sa paa bussen tilbake til York: Eg kunne kanskje blitt laerar i England. (kanskjekanskjekanskje.)

Eit anna aspekt ved den engelske skulen er den fleirkulturelle og multireligioese elevmassen. Det var baade etniske britar, indere, pakistanarar, og sikkert fleire land representert. Det var kristne, hinduar og muslimar om ein annan. Og det fungerte, saa vidt me kunne sjaa.
Og dei var ikkje redde for aa snakke om det. Ein laerar gjekk med kors om halsen, eit par smaajenter gjekk med hijab og dei fortalde villig om sine nasjonal- og religioese drakter daa vi viste fram bilete av norsk bunad.

I Noreg er det politisk korrekt aa skjule saa godt ein kan at ein staar for noko. Aa vere verdinoytral er det beste ein kan vere, for daa stoyter ein ikkje nokon. Eg tykkjer dette er ein feil veg aa gaa i moete med andre kulturar og religionar. Det er fullt mogleg aa respektere andre sine standpunkt medan ein sjoelv har sine eigne...

31. januar 2009

Vinter på Sørlandet

Fantastisk å endeleg sjå masse snø på ein gong! Kristiansand er på mange måtar kald, men har på ingen måte jevnt med snø om vinteren. Dei to førre åra har det gjerne kome ein halvmeter med snø på ei natt, som så forsvinn etter to veker. (Noko som forøvrig ikkje har skjedd så langt i år.) Litt greit å ha variasjon, men det kunne godt vore meir snø her. 

Så hin helgen dro eg litt lenger inn i landet, til mine kjære slektningar utanfor Lyngdal. Og der dei bur, var det jammen meg santen snø! Og kram snø til og med. Eg og mi kjære kusine Cecilie  (under) koste livet av oss. 
Også laga me ein snømann. Nokon som kan sjå kva den skal forestille? 



Konsert med Tommy Tokyo

Ja, du leste riktig. Det fins ein norsk artist som kallar seg Tommy Tokyo. Eg har ikkje forska på namneopphavet, så årsaken får vi hellar kome tilbake til. Eg såg reklame for cden hans på tv, og tenkte "hehe, litt sånn harrymusikk sikkert." Men så såg eg ein plakat på universitetet, der det blei annonsert ein gratiskonsert med Tokyoen sjølv, på vår eigen studentpub! Tommy Tokyo & Starving For My Gravy, for å vere heilt nøyaktig. 
Og sida det er langt mellom gratiskonsertane (så vidt eg veit jaffal), så måtte vi jo nesten kome oss av garde. 

Vel ein god time etter at konserten skulle ha begynt, kom endeleg bandet opp på scenen. Eg hadde plass heilt framme, der eg forventa å ha god utsikt, men så hadde Tommy sjølvsagt satt opp ein ropert på eit stativ i augehøgde, mellom meg og han. Så store delar av tida var anledet hans rett og slett gøymt bak roperten, med mindre han ikkje song, eller snakka inn i roperten. Jaja. 

Musikken var... sær. Eg aner ikkje korleis eg skal karakterisere musikken hans. Eg er ingen musikkjournalist. Men det var originalt og artig. Gjer opp di eiga meining på  http://www.myspace.com/tommytokyo. 

Hybelretten 2

Smørbrød! 

Ta ei skive, gjerne ei rista grovbrødskive, smør på til dømes pesto, urtekremost eller smør. 
Så kjem eit lag med salatblad, før du slenger på ein god ost og eit kjøttpålegg, som fårepølse eller krydderskinke. 
Deretter legger du på tomat, agurk, sukkererter, vårløk eller kva som måtte falle i smak. 
Til slutt topper du med gode krydderier, som pizzakrydder, oregano, kvitløk, gressløk, persille, pinjekjerner, etc. 

Og dermed har du ein veldig god lunsj :)